I min skog finst det tre typar smygjegerar: «Den usynlege og lydlause», «Bukken», og «Støkkjegeren». Hvilken er du? Plukk med deg våre tips for å bli den beste smygaren på hjortejakt.
Avslørt: I skogen vil hjorten avsløre deg dei fleste gangane. Her finn du knepa for å lukkast oftare. (Ill.foto: Åsgeir Størdal)
Lesetid: 5 minutter
«No skal det jaggu bli godt med kaffi», seier eg høgt for meg sjølv. Nøgd plystrar eg ei Johnny Cash-strofe og trampar gjennom einerkrattet med vinden i ræva.
Då hjorten sprett opp 30 meter unna og tar ut i trav. Her får du mine beste råd for å bli ein super smygjegar.
Dei tre neste sekunda går på autopilot: Johnny Cash blir erstatta av tre høglydte «HEI!». Rifla er komen først ned av skuldra, deretter inn i skuldra og eg er i kneståande med korset i dyret.
På det tredje ropet stoppar fjorkolla – stikk i strid med all jegerteori, sidan det var eg sjølv som støkte dyret.
Under utvomminga og parteringa timen etterpå, oppsummerer og undrar eg: I tre timar før skotet fall, gjorde eg alt etter boka.
Eg gikk ut i grålysinga. Eg tok ut høgde. Eg smygjakta meg sakte, sakte nedover lia med flittig kikkertbruk og hyppige stopp. Alt var heilt resultatlaust.
Deretter blir det ein transportetappe på veg heim mot stølen, heilt ute av jaktmodus. Om det er kaffien eller Johnny Cash som skal ha æra, veit eg ikkje. Men returen blir krona med dyrefall.
Uforutsigbar – og derfor så givande. Men slike dyrefall høyrer likevel til sjeldenheitane.
Har du jakta lenge nok, ser du til slutt mønster og og nokre suksesskriterier om du vil lykkast som smygjeger på skoglevande hjortevilt som rådyr, hjort og elg.
Mykje av dette gjeld også for småvilt i skogen, for sansane til viltet og taktikken til jegeren heng i hop. Her er nokre tips du kan putte i dagstursekken.
I min skog finst det tre typar smygjegerar:
1: «Den usynlege og lydlause»
2: «Bukken»
3: «Støkkjegeren»
Smygaren
«Den usynlege og lydlause» tek seg sakte fram. Kledd i loden eller andre lydsvake og altfor dyre klede – gjerne kamuflasjefarga – går bevegelsane sakte.
Ein dyr Swarovski framfor ansiktsmaska er heilt nødvendig. Du kjenner terrenget så godt at du veit at trosten truleg skeit på den steinen i går.
Liene angrip du ovanfrå og ned for skotsjansane sin del, og for å unngå å bli avslørt av ein lumsk kastevind som plutseleg går på tvers av vindretninga i dag.
Ruta har du lagt opp i fire alternativ to dagar tidlegare, alt etter hva slags veg det bles. Heile strategien har eitt mål: Å oppdage viltet før det oppdagar deg, for deretter å felle det kontrollert – gjerne på lang avstand.
På ei slik jakt er det umogleg å bevege seg for sakte. Dei aller fleste går altfor fort. Og jo lenger ut på dagen det går utan at du spottar vilt, jo meir utålmodig går du – og jo dårlegare jaktar du.
Denne smygjegeren har forstått ein ting som «Den usynlege og lydlause» ikkje har gjort: At det nesten alltid er umogleg å forflytte seg usynleg og lydlaust i ei skogli – i alle fall viss det er ein hjort eller eit rådyr du skal overliste:
Med over dobbelt så godt syn når det gjeld kontrastar og bevegelse, skarp høyrsel og ein luktesans som er ufatteleg suverent mykje sterkare din og min, har du mange odds mot deg.
Så viss du ikkje kan bevege deg stille nok, kva gjer du då?
Jau, du prøver å høyrast ut som bukken.
Denne strategien kan vere effektiv i august eller oktober under brunsten til rådyra og hjorten. Då er særleg bukkane – men også andre kategoriar dyr – mindre sky, meir nysgjerrige og til tider ganske uvørne enn elles i sesongen.
Tramp deg gjennom eit kratt. Stopp opp. Lag nokre gryntelydar, rist litt i ei busk. Og hugs: Alltid sakte og aldri ei lang, samanhengande bevegelse. Slik forflytter nemleg ingen hjortedyr seg. Dei går rykkvis – med hyppige innslag av stillstand for å lytte.
Bli ikkje overraska om det brøler og brakar i skogen over deg om du prøver denne varianten. Ein god jaktkompis av meg brukar denne strategien særleg når han under ei smygjakt skal forflytte seg i vanskeleg terreng der det er umogleg å gå stille, enten det er ei bratt steinrøys eller tette buskas.
Den tredje kategorien, «Støkkjegeren», kan virke som ein latsabb. Han ruslar gjennom terrenget, tar gjerne brattlia på tvers i ein utvald høgde.
Han eller ho går roleg, held jamn fart og med vinden stort sett mot seg. Noko særleg kamo har han ikkje tatt seg bryet med, og det heile kan sjå ut som ein bevæpna spasertur, meir enn ei skjerpa jaktøkt.
Men ikkje lat deg lure. Støkkjegeren har eit ess i ermet: Han er på skytebana gjennom heile vinteren, og drar gjerne ut både 500 og 1000 treningsskot gjennom ein sesong. Og merk - dei fleste av desse skjer i jaktmessige skytestillingar.
Og då forstår du kanskje strategien: Han støkker ut viltet, og er raskt skyteklar.
Enten jegeren ropar eller ikkje, så har støkte dyr ofte ein tendens til å stoppe opp etter 60-80 meter for å få eit overblikk over inntrengaren som øydela idyllen. Dei to-tre sekunda då dyret står roleg, er støkkjegeren sitt tidsvindauge til å få avgarde skotet.
Og trener ein nok, kan dette vere ei svært effektiv jaktform – enten du nynnar på Johnny Cash eller drøymer om kaffi.
Nei, hjorteviltet ser ikkje mykje fargar – og i alle fall ikkje i den enden av skalaen som dagens oransje kamofargar blir laga i. Derimot kan du vere obs på at enkelte stofftypar reflekterer lys meir enn andre, og at store einsfarga flater bryt med skiftingane i lauvverk og lyng.
Dessutan er dei aller fleste jaktdressar dessverre laga med altfor mørke botnfargar.
Det er bevegelse som først og fremst avslører deg.
Lukt
Allverdas lurium og sprayboksar for å unngå vitring (lukt) kan du gløyme. Også «trikset» med å henge jaktdressen din i fjøset før sesongen startar.
80 prosent av vitringa du avgir, kjem ikkje frå kleda dine. Det kjem frå lungene dine. Og det blir i tøffaste laget å halde pusten gjennom ein heil jaktdag.
Fluktreaksjon
Det skal meir til enn du trur å utløyse fluktreaksjon hos ein hjort. Ofte må meir enn ein sans varsle fare.
Eksempel: Går du i medvind og titter over ein kant, står gjerne hjorten og stirrer på deg på 100-150 meters avstand. Men han stikk ikkje av før sans nummer to – synet – også varslar fare. Tenk gjennom korleis du kan utnytte dette.
Intimitetsgrensa
Dersom hjorten har sett deg, er «intimitetsgrensa» som regel på mellom 350-400 meter. Du kan kome nærmare dersom dyra er vand til menneske (beitar på dyrka mark), eller dersom dei har overhøgde i forhold til deg.
Ver
Hjorten er generelt meir sky ved veromslag frå godt til dårleg ver. Ved motsett verforandring er den enklare å kome innpå.
Konsentrasjon
Sats på kvalitet framfor kvantitet: Det er betre å jakte skjerpa og grundig gjennom halve skogen, enn å rote gjennom heile lia ukonsentrert. Klarer du gå på nåler i to timar, tilhøyrer du minoriteten blant jegerar.
Ta derfor ei pause når du merkar at du har mista fokus eller konsentrasjon. Kvil deg og nyt fridagen. Jakt vidare når du har samla deg.
Tenk på terrenget
Ikkje smyg deg gjennom område der du uansett ikkje vil ha skotsjansar. Å støkke dyra ut frå for eksempel eit tett plantefelt, fungerer mot si hensikt for ein smygjeger, då desse dyra lett kan dra med seg andre dyr i terrenget i ein panikkflukt. Då er det betre å lage lyd nok til at dei veit at du kjem, for mange dyr vil då heller trykke.
Bruk kikkert
Pakk lett utstyr – men merk: Kikkerten din skal ikkje ligge i sekken eller i brystlomma! Då vil den garantert ligge der i staden for å henge på brystkassa og bli brukt hyppig. Bruk bæresele rundt armar/hals.
Rifle med oppspenner
Har du råd, så kjøp gjerne ei rifle med oppspenner i staden for sikring. På smygjakt må du gå med patron i kammeret. Det er absolutt tryggast dersom mekanismen ikkje er spent. Ei tradisjonell sikring vil aldri gi samme tryggheit.
Lett rifle
Rifla bør vere så lett at det er behageleg å gå med den i ei hand. Då vil du komme til fleire skuddsjansar. Går du med børsa på skuldra, er du for sein. Ferdig snakka.
Kryp om du må
Viss du må åle deg innpå dyr i ope lende – så gjer det skikkeleg. Å bøyge seg saman og rusle av gårde er ikkje åling. Bruk terrenget, kryp i myra om du må. Blir du våt og kald? Då har du sannsynlegvis gjort jobben din.
Ikkje fortvil
Ikkje fortvil om du mislukkast dei første ti gongene. Du vil uansett få store opplevingar. Og går det heilt skeis, går det alltids an å tralle på ei låt av Johnny Cash…
Bladet JEGER er Norges største jaktblad og kommer ut 9 ganger per år. På jeger.no finner du tusenvis av jaktreportasjer, våpen- og andre utstyrstester, tips til hundehold og jaktnyheter.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Jeger,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og UTE sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Jeger
Lavest månedspris
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
3 papirutgaver av Jeger
Lavest månedspris
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
12 papirutgaver av Jeger
Lavest månedspris
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Abonnementet inkluderer også 500 øvingsoppgaver og tentamen til Jegerprøven. Med Jeger holder du deg oppdatert.